Om huset

Reising av huset

​​Kortversjon frå Klaus Nordli​ sine ord, publisert 29.11.2000, omgjort av Silje S.Halland i 2023.

​​Med godt mot og optimisme, enorm dugnadsinnsats, material og pengar kunne endeleg huset opnast 25.oktober 1986.

​Det var ei lang affære som allereie byrja tidleg på 70-talet, då dei originale planane var å byggje på ungdomshuset «Bydgarheimen» som vart bygd i 1928. Når dette vart skrinlagt i 1975, fekk formannen i ungdomslaget, Johnny Birkeland, fem personar til å gå rundt i bygda for å lodde stemning om nytt samfunnshus, utan tilknytning til skule - som også hadde vore eit forslag av Gunnar Daae som ordfører saman med ny barne- og ungdomsskule for Nordbygda.

​Interessa for eit nytt samfunnshus var stor, både av enkeltpersonar og lag / organisasjonar. Under eit bygdemøte for å sjå på plassering vart det sett fram 3 alternativ til plassering:

  • ​Hostelandsmarka ved Storstematnet

  • ​Skogedalsreset

  • ​Tilbygg til Bygdarheimen etter tidlegare Lars Børnes planen

​Med litt diskusjon vart det stort fleirtal for tilbygg på vestre enden av Bygdarheimen, med ganske tilnærma lik utforming som det noværande bygget har.

​Dermed vart det satt ned eit styre:

  • ​Klaus Nordli, leiar

  • ​Ivar Haukeland, nestleiar

  • ​Rigmor Andersen, skrivar

  • ​Jetmund Andvik, kasserar 

Dette styret fungerte frå 1976 til huset opna.

Under arbeid med det formelle, trekte Odd Holmås tilbodet om tomt for tilbygget – men la samstundes fram tilbod om ei ny tomt, og det er der huset står i dag. Med eit nytt bygdemøte, vart det fleirtal for dette tilbodet, då det andre tilbodet i så fall måtte oreignast – som kunne ta lang tid. Oreigning, eller eksprosasjon er i norsk juridisk terminologi ei tvungen avståing av eigedomsrett og andre rettar til fast eigedom.

Når teikningane for huset endelig var godkjende, kunne arbeidet i marka ta til, samtidig som finansieringsplanen vart arbeidd med. I 1978 rekna dei med ein kostnad på 2mill., der dei rekna med å få ei støtte på 500 000 frå STUI (Statens Ungdoms- og Idrettskontor). Resten måtte kommunen og bebuarar i Nordbygda skaffe. Ventilasjon var ikkje rekna med. Boring av tomta vart påbegynt i september 1977, med leige av rigg frå Vegvesenet som på den tida arbeida med Masfjordvegen i Rekneset. I 1978 Vart tomta sprengt og planert, samt utvida vegen ned til fylkesvegen. I 1979 vart fundamentet til kjellaretasjen støypt, murt veggar og montert spennkonbjelkar som dekke over kjellaren. Endeleg var bygningen begynt å vise i terrenget, og tømmer vart hogga og material vart saga. All material vart gitt vekk gratis. I 1981 vart huset reist, og under tak i november. Dette vart utført av dugnadsfolk og leigefolk frå bygda; Klaus, Ingvar Sleire og Leif Inge Fagervik. Dagen takstolane skulle reisast var det heile 24 mann med, den eldste 76år gamle Martinus Børnes. I 1982 kom takstein frå Wergeland på, og innreiinga innvendig var i gang. Sidan alt skulle gjerast på dugnad, gjekk åra fort, og kostandane vart høgare enn forventa grunna prisstiging.

Dermed søkte dei om meir midlar, der denne vart avvist. Men med godt pågangsmot vart denne klaga på kvar gang den vart avvist.Klaus kunne vise til verdien av all dugnadsinnsatsen, og til slutt fekk dei innvilga 500.000 til, som vart utbetalt ca. 2år etter at huset vart opna. Klaus nevte ei dugnadsbok som viste alle timar og navn på alle som deltok ved bygging av huset – men denne er ikkje funne (Ref. Jonas Riisnes). Men det dreiar seg om nærmare 20 000 timar. Samfunnshuset kosta 4.000.000,- og midlar vart hovudsakleg skaffa slikt:

- Tilskot frå andre: 1.500.00,-

- Lån frå ulike fond/bankar: 1.680.000,-

Dermed måtte styre skaffet 2.320.00,-, som vart samla inn ila åra av bygdefolket, samt lag og organisasjonar. I tillegg vart det stelt i stand arrangementer av dei ulike krinsane for å samle pengar til huset – denne tradisjonen har me holdt på til dags dato. Totalt gjekk det då 10år frå styret vart valt, til huset opna. I alle desse åra var Klaus formann – og det er han me kan takke for at me har nettopp dette huset.



Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang