Kafeteria

Ein liten del som er adskilt frå storsalen med ein skillevegg som kan åpnast/lukkast etter kva som skal brukast.

Dette området på huset er ein fin stad å halde møter o.l, samt mindre arrangement når ein ikkje er så mange.

Det er nyinnkjøpte bord og stolar til 40 personar, samt glas/koppar, fat og bestikk i skap/skuffer. Det er også eit lite kjøleskap, varmeplater til panner o.l., samt kaffitrakter og kjøkkenvask.

I gangen er det mogelegheit for å henge av seg jakker etc, samt at ein der finn toalettfasilitetar, inkl. HC-toalett med stellebord.

Lerret er også tilgjengeleg om ein ønsker å bruke til framsyning/presentasjon - men prosjektor må ein diverre stå for sjølv, då me ikkje har dette på huset. per dd.

Ønsker du meir informasjon om dette lokalet, eller andre lokaler på huset - send gjerne ein forespørsel, så vil du få tilsendt meir informasjon.


Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang